Friskis&Svettis Førde

Friskis&Svettis Førde har idag 15 treningstimar i veka fordelt på 5 forskjellige lokasjonar. 4 i Førde og 1 på Vassenden. Vi kan tilby Middels, Basis, Vektstang, Sirkeltrening, Yoga og Spinning. Denne hausten har vi dreve med trening i 23 år og idèen vår om å ha lystbetonte kvalitetstreningar med låg terskel for alle er like levande i dag som den gangen vi starta. Vi har nesten 30 funksjonærar som legg ned mykje arbeid for at akkurat du skal kjenne at det er kjekt å trene hjå oss.