Historia til Friskis&Svettis Førde

F&S Førde vart skipa i 1995, Vegard og Heidi kom til Førde for å jobbe på sjukehuset og med seg frå Oslo hadde dei konseptet Friskis& Svettis. Begge hadde utdanning som instruktørar og dermed kom F&S Førde i gang med dei første treningane.

I starten føregjekk treningane på sjukepleiehøgskulen, etter kvart som det vart utdanna fleire instruktørar fekk laget plass i idrettshallen i Førdehuset. F&S var i denne tida nesten aleine med å tilby organisert mosjonstrening for «alle», og medlemsmassen auka monaleg utover 90 talet. På enkelte treningar i Førdehuset denne tida kunne det være opptil 100 deltakarar! I åra mellom 1994 og 2004 dreiv laget godt og det var god tilgang på folk som ville bli instruktørar. Vi fekk fleire typar trening og om sommaren hadde vi utetrening ved laksen. Vi kunne etter kvart tilby både Familiejympa , Seniortrening, Step, og vektstang. Etter kvart vart det vanskeleg å få plass i Førdehuset, barne og ungdomsidretten vart prioritert og sjølv om vi fekk ein del timar rundt på skulane i Førde vart det nødvendig å tenkje nytt. I 2012 flytta vi inn i eigne flotte lokale på Hornnes som vi kunne disponere som vi ville. Det første året var eit realt oppsving for laget med mange nye medlemmer, vi fekk i gang den utruleg populære «dans» som kjørte fulle hus i nærare eit år. Det var svært tøft økonomisk og etter eit par år skjønte vi at dette kunne ikkje gå. Førde hadde fått to andre nye flotte treningssenter som hadde gode tilbod og vi hadde ikkje medlemsgrunnlag godt nok for å halde på lokala. I 2015 var vi dermed tilbake på skulane og var dermed tilbake der vi starta, ein erfaring rikare.

Denne hausten har vi dreve i 27 år og ideen vår om å ha lystbetonte kvalitetstreningar med låg terskel for alle er like levande i dag som den gongen vi starta. Vi har mange funksjonærar som legg ned mykje arbeid for at akkurat du skal kjenne at det er kjekt å trene hjå oss.