Så oppdatert timeplan. Alle må framleis bruke Spond for å melde seg på trening. Vi kan vere 30 stk på kvar trening.
17 august 2021
Vi startar opp med ei gratisveke i veke 34.
Det er framleis restriksjonar og vi kan maksimalt vere 30 stk på treningane. Difor held vi fram med påmelding via Spond. Last ned appen på mobilen (gratis) og skriv inn denne koden (RIWYJ) om du ikkje allereie er med. Du kan òg trykke på linken og registrere deg der https://group.spond.com/RIWYJ. Påmeldinga startar allereie i veke 34. Timane vert lagt ut i appen, og du vil få varsel (om du har dette på). Det er førstemann til mølla. Dersom du ikkje kan komme likevel, er det viktig at du melder deg av slik at dei på venteliste kan få plass. Alt utstyr skal vaskast før og etter trening, og ein bør framleis halde 1 meter avstand til alle. Ikkje kom på trening om du ikkje føler deg heilt frisk.
For å trene vidare må ein betale medlemskontigent og treningsavgift. Dei som ikkje har gjort dette i løpet av veke 35, vil bli fjerna frå Spond. Ein kan sjølv melde seg inn att seinare ved å bruke koden over, når ein har betalt.
Har du spørsmål om Spond, kan du sende SMS til Elina på 90691032.