11 februar 2025
Styret i Friskis&Svettis Førde inviterer alle noverande funksjonærar og mosjonistar med følge til 30- års jubileumsfest.
Tid: Fredag 14.mars kl. 19.00
Stad: Førde Camping
Antrekk: Pent
Det blir ein triveleg og sosial kveld med tapasbord, kaker, selskapsleikar og underhaldning. Det blir også musikk slik at vi kan trimme dansefoten utpå kvelden.
Vi håper at du/de vil bli med oss å feire.
Eigenandel er kr. 300,- pr. snute, som inkluderer velkomstdrink, tapasbord, kaker, kaffi/brus. Alle tar med det dei vil ha å drikke til maten og utover kvelden.
For å sikre matbestilling og utgifter er det bindande påmelding innan 25. Februar, og ein betaler ved påmelding til kontonummer 3705 02 02101. Oppgi namn på alle påmelde.
Beste helsing festkomiteen.