Friskis&Svettis Førde

Friskis&Svettis Førde har idag 12 treningstimar i veka fordelt på 4 forskjellige lokasjonar. 3 i Førde og 1 på Vassenden (Ålhus). Vi kan tilby Middels, Basis, Vektstang, Modus, Yoga og Spinning. Denne hausten har vi dreve med trening i 25 år og idèen vår om å ha lystbetonte kvalitetstreningar med låg terskel for alle er like levande i dag som den gangen vi starta. Vi har nesten 30 funksjonærar som legg ned mykje arbeid for at akkurat du skal kjenne at det er kjekt å trene hjå oss.