15 april 2024
Kjøp av medlemskontigent og treningsavgift
Medlemskontigenten på kr. 100,- er obligatorisk og dekker forsikring under trening og gjev stemmerett på årsmøte. Medlemskontigenten må betalast for kvart kalenderår. I tillegg kjem treningsavgift avhengig av korttype.
For 2024 vil alle som er registrert i vårt medlemsregister få tilsendt faktura på medlemskontigent til sin e-post adresse tidleg på nyåret.
Nye medlemmar som ikkje tidlegare er registrert i vårt medlemssystem, må melde seg inn, registrere sine personopplysninger og betale medlemskontigent på kr. 100,- ved å trykke på følgande link:
Treningsavgift betaler du til vår konto: 3700 15 73536
Husk å ta med kvittering på trening og få gyldig oblat på treningskortet av vert.
Friskis&Svettis Førde er eit idrettslag tilslutta Norges Idrettsforbund. Alle som trener hjå oss må være medlem av idrettslaget og betale ein årleg medlemskontigent.